SCENOGRAFI, KOSTYME OG LYSDESIGN
Vannvittig bra teater!
"De tekniske og scenografiske (opp)løsningene fungerer veldig godt, og sjelden har vi følt oss så knuget og værmessig nedtrykt i en vanligvis tørr teatersal. Og nesten aldri før har vi fått en slik snikende, omsluttende, skummel og to-the-bone- effekt så kroppsnært på en forestilling. Lys, mørke og lyd. Grøss! Dimensjonaliteten er fysisk og i konstant enerverende forandring. Til det verre. Høres det ut som bra teater?
Det er det."
"Det dystopiske og trykkjande blir understreka av vatnet, men også av ei stor sol som etter kvart heng faretrugande lågt over hovudet vårt. Scenografien er illustrerande, regien er stram, personinstruksjonen god, og det er framifrå ensemblespel."
"Med jamne mellomrom melder ein mannsrøyst over høgtalaren om ver, hendingar og tilstander i fylket, og kvar gong det skjer, kjem ei stor lampe eit stykke ned mot oss og scena, heilt til lampa heng rett over hovuda våre – klaustrofobisk og truande.
Eit basseng fylt med vatn tok mest halve rommet. I andre enden stod stolane i ring på eit gummigolv, medan vatnet langsamt flaut mot oss og la
seg som eit vasspegel på scenen. Seinare skulle det regne mykje og lenge over bassenget og skodespelarane. Scenografien til Agnethe Tellefsen er enkel, samansett og effektivt. Vi ser vatnet
blenker og reflekterer, er rørsler og bølger, samstundes som lyden av regn, av dei vassande og plaskande skodespelerane, gir noko anna i øyret. Vatnet er vakkert og mykje."
(...)
"Med vatnet tilfører ho (Kjeldstadli) forteljingane eit aktivt element på scenen og det vert nesten som ein sjette skodespelar. Eg opplevde då at ho med det fysiske og aktive spelet med vatnet, gav ein annan dynamikk til forteljingane i Jeg forsvinner."